IKT-konsulent laboratoriemedisin
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF — ÅLESUND
Sted
ÅLESUND
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
10/11/2026

Vil du bli vår nye kollega?

Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin.

Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi.

Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank).

Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit.

Arbeidsoppgåver

Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel.

Oppfølging av ulike arbeidsprosessar knytta til fakturering, refusjonar, ordrer knytta til regnskapssystem og oppfølging av utbetalingsvedtak mottatt frå Helfo

Oppfølgingar av all elektronisk svarrapportering

Vere involvert opp mot leverandørar ved installering av instrument og mellomvareprogram

Vere involvert med bestillingar og oppkoblingar av IKT-utstyr

Koordinere oppgåver mellom laboratoriet og andre fagfelt, leverandørar og andre interessentar

Vere ein sentral innmeldar til HP og vere IKT-utstyrsbestillar

Oppgåver innan Beaker/HP kan bli tillagt

Andre aktuelle IKT-oppgåver i klinikken

Noko reise mellom sjukehusa vil vere aktuelt

Kvalifikasjonar

IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke

Erfaring og kjennskap til informasjonsteknologi og laboratorieinformasjonssystem (LIMS) vil bli vektlagt

Tilleggsutdanning innan IKT eller tilsvarande vil bli vektlagt

Kjennskap og erfaring frå ulike IKT-program, til dømes Excel, Power BI og andre

Ønskeleg med kompetanse innan statistikk og sjukehusøkonomi

Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing er ønskeleg

Må beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Du er strukturert, målretta og løysingsorientert

Du har gode samarbeids- og formidlingsevner

Du har interesse for å setje deg inn i nye områder og vidareutvikle eigne kunnskapar

Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

Ei spennande stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement

Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø

Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling, i helseforetaket og regionalt.

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon
Marie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968

Arbeidsstad
Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5192697816

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.11.2026

Søk på stillingen »