IT & Teknologi talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
IT & Teknologi talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » IT-Stillinger » Drift og vedlikehold » Plan, landbruk og teknisk. Tilsetjing 100% vikariat einingsleiar frå 01.02.27 - medio november 27

Plan, landbruk og teknisk. Tilsetjing 100% vikariat einingsleiar frå 01.02.27 - medio november 27

Gulen kommune — GULEN

Sted
GULEN
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Kategori
Drift og vedlikehold
Søknadsfrist
10/11/2026

Om stillinga

Gulen kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar til eit 100% vikariat i eininga plan, landbruk og teknisk (PLT) frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Kan verte mogleg med noko forlenging av vikariatet.

Som einingsleiar ved PLT får du ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i kommunen. Du leier ei fagleg breitt samansett eining og bidreg både i det langsiktige planarbeidet og i arbeidet med å leggje til rette for berekraftig utvikling, aktivitet og verdiskaping i kommunen.

Gulen er ein kommune i utvikling, med eit ambisiøst næringsliv, lang kystlinje og rik og mangfaldig natur. Stillinga gir ei god moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen i tett samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og fagmiljø.

Du blir ein del av kommunen sitt samla leiarforum og samarbeider tett med eining for eigedomsforvaltning og avdeling for innbyggjarservice. Eininga har ansvar for byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining.

I dag har eininga ti tilsette. Organisering og oppgåver kan endre seg i takt med behova i kommunen. Vi ønskjer å byggje ei eining med brei kompetanse, godt samarbeid og god forståing for heilskapen i samfunnsutviklinga.

Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, trivst med å leie kompetente og motiverte medarbeidarar, og som handterer varierte oppgåver på tvers av fagområde.

Me tilbyr

Ein spanande og variert arbeidskvardag med viktige oppgåver for kommunen

Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer

Gode høve til fagleg og personleg utvikling, eigne initiativ og påverknad på eigen arbeidskvardag

Eit arbeidsmiljø med god digital kompetanse og fokus på utvikling av digitale løysingar

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Fleksitidsordning og høve til noko heimekontor når arbeidsoppgåvene opnar for det

Løn etter avtale

Orientering i bustadmarknaden ved behov

Arbeidsoppgåver og ansvar

Som einingsleiar har du det overordna faglege, personalmessige og økonomiske ansvaret for eininga. I vikariatet skal du sikre god drift, framdrift og kontinuitet i arbeidet, i tett samarbeid med medarbeidarane og resten av kommuneorganisasjonen.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

fagleg leiing og utvikling av eininga

personal- og økonomiansvar

saksførebuing og oppfølging av saker til politisk behandling

å leie og delta i prosessar knytte til overordna planar, strategiar og utviklingsarbeid

dialog og samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og andre offentlege instansar

å bidra i digitalisering og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester

andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga

Vi ser etter deg som er motivert av å bidra til vidare utvikling av Gulen kommune. Du må kunne setje deg raskt inn i eit breitt ansvarsområde, skape god framdrift i sakene og sikre ei føreseieleg leiing av eininga gjennom vikariatperioden. Digitalisering er ei viktig satsing i kommunen, og du vil ha ei aktiv rolle i dette arbeidet.

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning innan fagområde som bygg og miljø, arkitektur, juss, arealplanlegging eller tilsvarande. Relevant og lang erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet

Leiarerfaring frå eitt eller fleire av fagområda i eininga er ønskjeleg

God digital kompetanse og evne til raskt å setje deg inn i og ta i bruk nye digitale system

Kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk er ønskjeleg

Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk

God forståing for offentleg forvaltning, sakshandsaming og politiske prosessar

Personlege eigenskapar

God rolleforståing og evne til å utøve tydeleg, trygg og fagleg forankra leiing

Engasjement for samfunnsutvikling og motivasjon for å bidra til vidare utvikling av kommunen

Strukturert og systematisk arbeidsform, med evne til å sikre god kvalitet og framdrift

Løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt

Gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og spele andre gode

Evne til å arbeide sjølvstendig og samstundes bidra aktivt i eit leiar- og fagfellesskap

Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Vessel Manager — Olympic Subsea
Digital innsatsleder - Politioverbetjent — Trøndelag politidistrikt
Digital innsatsleder - Spesialetterforsker — Trøndelag politidistrikt
Tekniker — Subsea Technology & Rentals Norway AS

IT-jobbmuligheter på følgende steder:

IT-Stillinger i ASKER
IT-Stillinger i BERGEN
IT-Stillinger i BODØ
IT-Stillinger i BÆRUM
IT-Stillinger i DRAMMEN
IT-Stillinger i HAUGESUND
IT-Stillinger i KONGSBERG
IT-Stillinger i KRISTIANSUND
IT-Stillinger i LILLEHAMMER
IT-Stillinger i LILLESTRØM
IT-Stillinger i NARVIK
IT-Stillinger i OSLO
IT-Stillinger i PORSGRUNN
IT-Stillinger i RINGERIKE
IT-Stillinger i SOGNDAL
IT-Stillinger i STAVANGER
IT-Stillinger i TROMSØ
IT-Stillinger i TRONDHEIM
IT-Stillinger i TØNSBERG
IT-Stillinger i ÅLESUND
IT-Stillinger – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter